Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir.

Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverktøy bygd for digitale plattformar, ikkje papir.

LEDIG STILLING SOM SALSSJEF

Vi søkjer ein ambisiøs og engasjert salssjef som skal vere med og byggje opp ei ny salsavdeling i Norse Feedback, for å møte den aukande etterspurnaden.

Salssjefen skal saman med leiargruppa byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggings- og analyseverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta. Stillinga omfattar oppsøkande sal til nye kundar, relasjonsbygging, anbodsbesvaringar, kontraktsforhandlingar samt oppfølging og utvikling av etablerte kundar.

Stillinga rapporterar direkte til dagleg leiar/leiargruppa.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Oppsøkande sal
  • Saman med leiargruppa, setje årlege mål for sal
  • Byggje langvarige og sterke kunderelasjonar. Sikre oppfølging og vekst for eksisterande kundar

Se mer

  • Budsjettansvar
  • Personalansvar
  • Direkte kontakt med leverandørar
  • Bidra til å identifisere og utvikle prosjekt samt sikre kontraktar med nye kundar
  • Sørge for at salsprosessar vert gjennomførde med ein bevisst strategi og høg kvalitet
  • Planlegging og gjennomføring av marknadsaktivitetar som kongressar, salsdemonstrasjonar, kurs/opplæring og utarbeiding av marknadsmateriell
  • Skape sterke og positive relasjonar til Norse Feedback sitt team. Bistå med opplæring og salgsstøtte, involvere og motivere til å arbeide aktivt med sal av selskapet sine produkt
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Skape gode kundeopplevingar med ansvar for å etterleve Norse Feedback sin høge standard for leveranse og oppfølging

Se mindre

Kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå sal
  • Grunnleggjande økonomisk kunnskap og god IT-kompetanse
  • Utvida kjennskap til helsesektoren, erfaring frå sal innan helse/offentlege eller utdanning innan psykiatri/medisin vil vere ein stor fordel.

Personlege eigenskaper:

  • Systematisk, strukturert og gode analytiske eigenskapar
  • Engasjert, målretta og oppteken av å skape resultat
  • Evne til å byggje og vedlikehalde relasjonar

Se mer

  • Utadvendt, kontaktskapande og samarbeidsinnstilt
  • Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Se mindre

Om arbeidsgjevaren

Norse Feedback er eit verktøy for psykiatrien, som er utvikla for å måle og monitorere klinisk utfall, kommunisere betre med pasientane, samt hjelpe behandlarar med å betre behandlingskvaliteten over tid. Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir. Gjennom skybasert teknologi er systemet tilgjengeleg på alle flater, og er utvikla til å kunne nytte moglegheitene som finnast innan dagens datateknologi. Systemet er dynamisk og tilpassar seg den enkelte pasient sine behov. Basert på svara som pasienten gjev, blir rapporteringsskjemaet skreddarsydd for vidare utfylling.

Kven er vi?

Vårt team består av akademiske forskarar, praktiserande klinikarar, teknologi- og implementeringsspesialistar. Målet vårt er å tilby Norse Feedback til nye partnarar, og saman identifisere områder med behov for forbetring eller nyutvikling.

Vi tilbyr:

Ein spanande moglegheit til å byggje opp Norse Feedback si salsavdeling og satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke Norse Feedback sin eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.

I tillegg til:

  • Konkurransedyktig lønn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bonusordning
  • Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord